Oddny

Bilde
Arrangementsinfo
  • Lørdag 22 november 2025
  • 18:00 - 03:30
  • Starter: 22:00

Strandgata 22
Tromsø

Åpne i google maps

Beskrivelse

ODDNY ! Live på Bastard Bar,
Lørdag 22 November, kl.22.00
Billetpris: 250,- +avg.

 

Med låter som “Oktober, Bergen by”, “Barndomsmelodi” og “Bittelitt” har Oddny markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. I tillegg til radiosuksessen, ei rekkje utselde konsertar og ei stadig veksande fanskare mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets Nykommar. I 2025 blei dei nominerte til hovudprisen. 

Oddny har utvikla ein heilt karakteristisk musikalsk sound som dei kombinerer med særeigne tekstar på dialekt. Dei har blitt kjent som eit framifrå liveband og i 2025 besøker Oddny eit drøss små og store scener og festivalar landet rundt!

Bandet har musikalsk hovudkvartet i Gamlahuset i Bremanger, der dei i periodar bur og arbeider saman. Mykje av musikken blir både skrevet og spelt inn i dette huset, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eige label, HotWater i samarbeid med MATE/The Orchard. 

Oddny er i framovergir! Dei er utkvilte, bevæpna med ferske plekter og har planane klare! Vil du vere med, så heng på!

Billetter

  • Ordinær
    Refunderes ikke
    NOK 270.00
    Utsolgt
    Salget er avsluttet
  • Velg billetter og fullfør
  • Rabattkode

    Har du en rabattkode kan du angi den her for din pris