Johanna Seim & Sjur Nyvold / Bastard Bar

Event info
  • Thursday 16 February 2023
  • 18:00 - 01:00
  • Starts: 21:00

Strandgata 22
Tromsø

Åpne i google maps

Description

Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.

Johanna Seim (Berlin/Bergen) og Sjur Nyvold (Rauland/Oslo) kunne vore soundtracket til Bergensbanens storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein berre kan lytte og føle. Like fullt høyrer dei heime i eit dunkelt belyst barlokale, til morgonkaffien eller når ein treng eit pusterom om det stormar i livet. 

Med det beste frå folkemusikken og visa har dei laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar me alle kan kjenne oss igjen i. Det handlar om å søke seg til det små for å nå detstore. Både i livet og i musikken. Med tekstar på tysk, engelsk og norsk skildrar dei to store og små kjensler, og formidlar ein forfriskande nysgjerrigheit på livets gåter.

Deira debutalbum “Temporary Pleasure” er nedpå og nært, akkompagnert av hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har lagt inn nokre velvalgte rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela. Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen har produsert og miksa plata, og no er den endeleg klar for å visast fram!

«Temporary Pleasure» av Johanna Seim & Sjur Nyvold gis ut på Olivias Rekorder 9. februar 2023.

Tickets

  • Johanna Seim & Sjur Nyvold / Bastard Bar
    kr 160,00
  • Choose tickets and finish
  • Discount

    If you have a discount, enter it here for your price